Visit Ulvik
Kontakt
Language
Ulvik ligg inst i Hardanger mellom høge, snødekte fjell, i kanten av Hardangerfjorden. Her finn du Noreg si eineste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt.
Bygda byr på fleire overnattings- og spisestader og fleire ulike aktivitetar for store og små. Stå på vannski på fjorden, kikk innom Ulvikatorget med eit stort utval av lokalproduserte varer eller ta deg ei lyrisk vandring i Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll.
Det er fleire godt merka turstiar rundt om i området og moglegheiter for å utforske fjorden med både båt og kajakk.
Ulvik har fleire spanande moglegheiter for både mat og handel, anten du vil sløkke tørsten med lokal eplesider eller smake på andre lokale råvarer til middagen. Du finn i tillegg ein stort marknad for lokalproduserte produkt og varer frå Ulvik og alt du elles kan ha behov for medan du er her.