Visit Ulvik
Kontakt
Language
Er du av dei heldige som har opplevd Ulvik, har du anten køyrt feil eller hatt bygda som mål for turen. Den mest brukte vegen gjennom Hardanger er hovudvegen mellom Voss og Oslo gjennom tunellane. I staden for å ta tunellane, rår vi deg til å ta den korte omvegen til Ulvik og alt du frå med deg då. «Den fruktbare omvegen» går frå Hardangerbrua, inn langs Ulvikafjorden til Ulvik, over høgda gjennom Espelandsdalen og ned til Holven/Granvin, og til slutt over Skjervsfossen før den møter riksveg 13.
Hardanger er på mange måtar eit einaste stort postkort. Nesten kvar du enn snur deg ser du inn i ein buldrande foss, eit frukttre med lysande blomar om våren og bugnande frukt i haustmånadane. Det er dramatisk natur og mange inntrykk undervegs.
Vegane i Hardanger har sin eigen fart, og du må tilpassa deg det naturlige tempoet. Vegane er skore inn i bratte dalsider, og går bokstaveleg talt tvers gjennom eplehagane. Nettopp denne nærleiken til naturen gjer strekninga helt spesiell heile året. Tar du turen på våren og sjå frukttrea i blom på grøne bakkar med kvite fjelltoppar i bakgrunnen. Stopp og ta ein fisketur eller eit forfriskande bad i Hardangerfjorden om sommeren, sjå bugnande frukttre bli plukka gjennom hausten, eller opplev det særeigne lyset ein kald vinterdag der snøen har kledd frukttre og bakkar i kvitt.
Ulvik er ein av fire Cittaslow-kommuner i Norge. I ein Cittaslow-kommune finns ingen turistar – berre gjestar. Arbeidet med lokale produkt, kortreist mat, fornybar energi, kulturarrangement og lokalt engasjement er grunnlaget for Cittaslow i Ulvik. Ulvik herad vil fremje «det gode liv» gjennom mangfald, opplevingar og utvikling.
Dei gode opplevingane kjem ofte når ein minst ventar det. Ta deg god tid og ver open for det uventa. Ta omvegen rundt tunellane og opplev perla i Hardanger.
Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard.
Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisingar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar.
Turen startar i sentrum, langs fjorden retning Osa. Etter Strand Fjordhotel tar du første vei til venstre og følgjer skilt til frukt-og siderruta. Det er om lag 30 minutter gange frå sentrum til den første garden, og ein time med gåtur til den siste garden på ruta. Du kan også køyre direkte til ein av gardane og få omvising.
Alle gardane har utsal av sine eigne produkt.
Bestill på http://siderruta.no/
Hauge-senteret ligger vakkert til ved fjorden i det gamle heradshuset i Ulvik. På senteret er det utstillingar, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk og kafé.
Senteret rommar fortellingar knytt til dikt av Olav H. Hauge og andre verdspoetar og du får oppleva dikt og songar i mange former på tvers av språkgrenser. Utstillinga gir opplevingar både for barn og vaksne.
Hauge-senteret byr også på ei spennande kulturprogram gjennom heile året. Høgdepunktet er Ulvik poesifestival som vert arrangert i september annakvart år.
Planlegg ditt besøk: https://www.haugesenteret.no/besok-oss/
Heimen til Olav H. Hauge er open for omvising for både store og små grupper etter avtale. Tunet ligger på Rossvoll, ein gåtur på omlag 15 minutt frå Ulvik sentrum.
Olav Hauge var ein norsk forfattar og ein av dei største lyrikarne frå 1900-talet, men han var og gartnar. Han var fødd i Ulvik i 1908 og budde her heile livet.
Garden er i dag drive av Olav H Hauge sine etterkommarar, og ei omvising inkluderer fruktgarden.
Bestill omvisning på Rossvoll http://gartnar.no/velkomen.html
Saman med fruktproduksjon er husdyrhald, og særleg sau, den viktigaste driftsgreina i landbruket. Matradisjonane heng naturleg saman med landbruksproduksjonen, og smaksopplevingane får ein ekstra dimensjon i det unike fjordlandskapet.
Slow Food er eit verdsomspennande nettverk som jobbar for å endre måten vi produserer maten vår på, og korleis vi et han. Ein del av arbeidet til Slow Food er å ta vare på utrydningstrua husdyrartar i tillegg til å fremje mangfald og variasjon i utvalet av frukt og grønsaker. Slow Food Hardanger vart etablert i 2001 og har base i Ulvik. Dei arrangerar kurs og andre aktivitetar annakvar månad.
For mer informasjon se https://www.facebook.com/SlowFoodHardanger
Holmen badeplass i Ulvik er ein flott badeplass med strand. Holmen idretts- og fritidsanlegg har fotballbane med gras, friidrettsbane, utandørs volleyballbane og tennisbane. Ein fin stad for både barn og voksne.
Holmen badeplass på kartet: https://kart.gulesider.no/?c=60.568202,6.940866&z=14&l=aerial&q=%22holmen%20badeplass%22;231678548;geo
La barndomsdraumen om hytte høgt oppe i eit tre gå i oppfylling og legg inn ei overnatting 11 meter over bakken. Tretopphytta er bygd på søyler og har fantastisk utsikt over Ulvik og Hardangerfjorden. Dei store vindauga i stua gjev deg kjensla av å sveve fritt over landskapet, og tilbyr ein heilt unik naturoppleving.
Ulvik er eit perfekt utgangspunkt for deg som vil oppleve Hardangerfjorden i kajakk. Nærleiken til naturen frå kajakken frå du anten du vil på ein lengre tur, eller berre padle for deg sjølv like ved sentrum.
Ulvikafjorden er roleg og har lite vind, og er ein god stad å starte om du ikkje har padla før. Du kan og melde deg på eit av kursa for nybyrjarar.
Meir informasjon finn du her:
Kayak rental - KAYAK RENTAL - B-Active (bactivecenter.com)
I Ulvik er det lett å komme seg rundt med sykkel på bygdevegane eller dei mange skogsvegane rundt i bygda.
Leig ein tursykkel for nokre timar eller heile dagen, og opplev Hardanger frå sykkelsetet.
Her finn du informasjon om utleige av syklar:
Bike rental - BIKE RENTAL - B-Active (bactivecenter.com)
Ulvik har turar for alle, både store og små, heile året. Nyt ein roleg gåtur langs vegen eller følg ein av de mange merka turløypene opp i fjellet for ein unik utsikt over bygda. De mest populære turløypene:
Verafossen og Espelandsfossen ligg langs fv 5380, den gamle hovudvegen mellom Granvin og Ulvik, og er to av dei gode opplevingane som gjer omvegen verdt turen.
Verafossen går i fleire nivå ned mot bygda, men den beste utsikten har ein frå Verafossen bru ein tidleg sommardag med høg vassføring. Brua er ei kvelvbru frå 1897, med eit spenn på nær 10 m. Ei kvelvbru består av steinar som ved hjelp av tyngdekraft vert pressa mot kvarandre i kvelvingane. Det er mogleg å parkere like ved brua.
Køyrer du vidare kjem du til Espelandsfossen. Den syns godt frå vegen og er med sitt fall på 135 meter eit imponerande syn i snøsmeltinga på våren. Det er også mogleg å følge ein sti på høgre siden av fossen, til ein kjem på toppen. Der får du flott utsikt over heile Espelandsdalen og fjella rundt.
No når du veit kvar din neste norgesferie går er det berre å starte planlegginga. Ulvik turistkontor kan bidra med lokalkunnskap og meir informasjon om alt ein treng å vite for unike ferieopplevingar i Hardanger.
Kontakt Ulvik turistkontor på visitulvik@ulvik.kommune.no eller telefon +47 565 26 280