Adventhelg med julegateopning har lange tradisjonar i Ulvik. I år blir det ein koronatilpassa utgåve, men det blir kjekt likevel. Og garantert førjulsstemning!
Vi startar med julegateopning kl 18 fredag, barnefilm på kinoen kl 18.30, lokal julehandel og familieløype med kviss i sentrum laurdag, og konsert laurdag ettermiddag. Søndag er det song- og ljosmesse i Ulvik kyrkje.
Alle arrangementa er er tilpassa gjeldande smittevernreglar. Hugs difor billettar på førehand der det trengs.
Velkomen!