Familietur i Norddalen

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterar til familietur i Norddalen. Turen startar frå parkering ved Hjadlane galleri, og går ned til garden Haugen. Her startar turen inn over dalen, husk at me her går gjennom eit bebud tun så vis aktsemd.
Foto: 

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterar til familietur i Norddalen. Turen startar frå parkering ved Hjadlane galleri, og går ned til garden Haugen. Her startar turen inn over dalen, husk at me her går gjennom eit bebud tun så vis aktsemd.

Me går no på ei historisk vandrerute som heiter Hallingskeidvegen, langs turen vår går me forbi Solskinnstjødnet og koldeholer, me trampar oss over "trolle-bruer" og endar opp ved grindbygget på Osaflorane.

Her ete maten vår og kansje me utforskar vegen litt vidare.

Turen høver for alle, det er og råd å nytte barnevogn innover dalen, om ein ikkje har for små hjul.

Ta med:

  • mat og drikke, ta gjerne med primusen
  • våtserviettar/handsprit, til handhygiene
  • noko å sitje på
  • klede etter veret

Smittevern:

Alle våre turar har påmelding, dette er for å sikkre at ein kan utføra smittesporing ved behov.

Me forheld oss til dei smittevernråda som til ei kvar tid blir gitt, og kvar familie/husstand skal halde minimum 1 meter avstand.

Foreldre har ansvar for eigne born.

Sundag 27. september. Kl 12-15

Påmelding på ulvik.dnt.no eller til Hilde (952 38 282).

Oppmøte parkering ved Hjadlane galleri, fylj skiltinga.

Oppmøte til kl. 12:00, det blir opprop før me går.

No items found.
Nyhetsbrev

Ikkje gå glipp av spennende nyheiter og tilbod

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.