Pling vaken! Familieframsyning på Haugesenteret

Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken. Og det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!Irene Ahnell er kjend frå framsyningane til Krabatene. Denne gongen har ho laga ei framsyning med figurteater ut frå si eiga biletbok, illustrert av Elisabeth Moseng, og får hjelp av Mette Scarth Tønseth i framsyninga.
Foto: 

Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken. Og det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!

Irene Ahnell er kjend frå framsyningane til Krabatene. Denne gongen har ho laga ei framsyning med figurteater ut frå si eiga biletbok, illustrert av Elisabeth Moseng, og får hjelp av Mette Scarth Tønseth i framsyninga.

Sundag 6. desember kl 14 til 14.45 på Haugesenteret

Framsyninga varer i om lag 35 minutt og høver for born frå 4 år.

Medverkande: Irene Ahnéll, forfattar, skodespelar, regissør. Elisabeth Moseng, illustratør. Mette Scarth Tønseth, skodespelar.

Fri inngang, men reserver billett på førehand. Send namn på alle deltakarar, samt tlf-nummer, til post@haugesenteret.no

Meir informasjon på https://www.haugesenteret.no/arrangement/pling-vaken/

No items found.
Nyhetsbrev

Ikkje gå glipp av spennende nyheiter og tilbod

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.