Bli med på romjulspadling til Sygnestveit!
Saman med Angr og Ulvik Fishing tilrettelegg Ulvik turlag for padling i vinterhalvåret.
Ulvik Fishing og Angir leiger ut utstyr til 250,- pr tur. Dei har 9 kajakkar til disposisjon. Ein kan og nytta eige utstyr.
Ved kuldegrader er det påkrevd med tørrdrakt, og Angr har nokre til utlån.
Denne turen har plass til 10-12 deltakarar, og turen går frå Osa og utover mot Sygnestveit.
TRYGGLEIK:
Nedre aldersgrense er 14 år.
SMITTEVERN:
- Om ein er smitta av korona, er i karantene/heimeisolering eller har symptomer på
luftveisinfeksjon eller nedsatt allmenntilstand SKAL ein ikkje delta på turen.
- Kvar enkelt deltakar har med eigen hand-desinfeksjon
- Det vil bli foretatt opprop før turen startar, og kontaktinfo blir arkivert i 14 dagar ihht. DNT sin smitteverninstruks.
PÅMELDING:
Innan laurdag 26 desember kl. 15:00 til leder.ulvik.turlag@dnt.no
Oppgje om du vil leige utstyr eller har eige.
Me sender bekreftelse på påmeldinga.
NB! Ynskjer du transport på eige utstyr oppgje dette.
OPPMØTE:
Hakestad (Angr) kl. 12:00 for dei som skal låne utstyr. Og kl. 12:45 ved fjorden i Osa (at med våtmarksområdet) for dei med eige utstyr.
BEKLEDNING og MAT:
- Varme vindtette klede, hua, vottar/hanskar, ull er gull
- Lurt med byteklede, og ein varm gensar
- Varm drikke og mat, om vèret er bra går me i land
Turleiar for turen er Torstein Hellesnes som driv Angr. Han er godkjent padleinstruktør, og i tillegg utdanna turleiar gjennom DNT.
Vel møtt til romjulspadling!