Brageprisnominerte Olaug Nilssen i samtale med litteraturkritikar og forfattar Sandra Lillebø.
I Yt etter evne, få etter behov får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.
Med Yt etter evne, få etter behov har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i Tung tids tale frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemene ein familie?
Billettpris: Kr 150 https://checkout.ebillett.no/1213/events/6720425/purchase
Lekve gard
Fredag 9. april kl 20.00