Visit Ulvik

Spørsmål og svar

FAQ

Å KOME TIL OG FRÅ ULVIK

Med bil

Ulvik ligg ved riksveg 572, ein avstikkar frå Europaveg 13 og 7. Ankomst til bygda skjer enkelt via Granvin (Voss herad) eller Hardangerbrua, 20 minutt frå Granvin og Bu.

Med båt

Ulvikafjorden og Osafjorden er to fjordarmar frå Hardangerfjorden, ein av dei lengste og mest naturskjønne fjordane i verda. I Ulvik er det gode tilhøve for framkomst og overnatting med båt, anten du kjem med eigen båt eller via fjordcruise.

Med offentleg transport

Det er enkelt å nå Ulvik med offentleg transport. Bussar køyrer ofte mellom Ulvik og Granvin, som er eit enkelt knutepunkt for dei som kjem frå eller reiser mot retning Voss, Bergen eller Oslo.

Til fots

Det er mogleg å nå Ulvik til fots via to av DNT sine turstiar. Ein kan komma over fjellet frå Hallingskeid via Osa, eller ein kan komma over fjellet frå Mjølfjell via Tyssedalen. Begge turane er dagsturar på 8 / 6 timar, og krevjande.

Med sykkel

Det er enkelt å kome til Ulvik med sykkel, anten du kjem over Hardangerbrua eller over gamlevegen frå Granvin. Vegane er asfalterte og enkle å koma seg fram på.
Skilt som viser veien til Ulvik
FAQ

Fruktbløming

Ingen spørsmål eller svar funne.
Fruktblomstring i Ulvik

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!