Visit Ulvik

Med båt

For å kome til Ulvik og Ulvikfjorden må du kome inn via Hardangerfjorden i vest. Fortsett vidare inn og under Hardangerbrua langs riksveg 572 til du når Ulvikfjorden. I Ulvik er det tilrettelagt for båtparkering og overnatting ved Ulvik gjestehamn i sentrum, med tilgang på gratis straum. Gjestehamna har 9–15 plassar med serviceanlegg i gangavstand ved Den Grøne Kafé, med dusj, toalett og vaskerom. Hamna ligg sentralt, med lett tilgjenge til butikkar, minibank og turistkontor.

Om du vil kome inn via fjordcruise, kan du ta Tedno, ein hurtigbåt som startar i Norheimsund om morgonen. Hurtigbåten er mellom anna innom Lofthus, Kinsarvik og Utne på veg mot Eidfjord. Båten kjem attende på ettermiddagen i motsatt retning.

Med båt
FAQ

Å KOME TIL OG FRÅ ULVIK

Med bil
Ulvik ligg ved riksveg 572, ein avstikkar frå Europaveg 13 og 7. Ankomst til bygda skjer enkelt via Granvin (Voss herad) eller Hardangerbrua, 20 minutt frå Granvin og Bu.
Med offentleg transport
Det er enkelt å nå Ulvik med offentleg transport. Bussar køyrer ofte mellom Ulvik og Granvin, som er eit enkelt knutepunkt for dei som kjem frå eller reiser mot retning Voss, Bergen eller Oslo.
Til fots
Det er mogleg å nå Ulvik til fots via to av DNT sine turstiar. Ein kan komma over fjellet frå Hallingskeid via Osa, eller ein kan komma over fjellet frå Mjølfjell via Tyssedalen. Begge turane er dagsturar på 8 / 6 timar, og krevjande.
Med sykkel
Det er enkelt å kome til Ulvik med sykkel, anten du kjem over Hardangerbrua eller over gamlevegen frå Granvin. Vegane er asfalterte og enkle å koma seg fram på.

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!