Visit Ulvik
Kontakt
Language
Anten du kjem frå aust eller vest, er det enkelt å kome seg til Ulvik med bil. Kjem du til dømes frå retning Bergen, kan du følgje E7 via Norheimsund eller E13 via Voss til Granvin. Etter ein 20 minuttars køyretur gjennom Vallaviktunellen og langs fjorden, når du Ulvik sentrum, og 10 kilometer lenger inn i fjorden ligg Osa. Det er òg mogleg å nå Ulvik ved å køyre “gamlevegen” over fjellet ved Granvin. Du når denne ruta ved å følgje E13 til Granvin og ta av mot riksveg 572 ved Holven i Granvin. Kjem du via Hardangervidda eller gjennom Odda, kan du følgje E13 fram til Bu og ta Hardangerbrua over til Vallavik og følgje riksveg 572 langs fjorden inn til Ulvik. Det er òg mogleg å ta ferje over frå anten Utne eller Kinsarvik til Kvanndal og reise via Granvin og Vallaviktunellen.
I Ulvik er det gratis parkering i heile bygda og fleire gode parkeringstilhøve og tilgjenge ved dei mest populære turstiane i området.