Visit Ulvik
Kontakt
Language
Anten du kjem med buss, båt eller tog, er det enkelt å nå Ulvik med offentleg transport. Gode knutepunkt for transport ligg i Granvin og på Voss stasjon. Anten du kjem med Bergensbanen eller andre tog frå retning Bergen eller Oslo, kan du hoppe av på Voss stasjon og ta buss i ein time ned til Ulvik. Det same gjeld om du kjem via Øst-Vest-Ekspressen med busshaldeplass på Voss stasjon og vidare buss ned til Ulvik. Bussane til og frå Ulvik går heile dagen med jamne mellomrom og er det enklaste transportmidlet for å kome seg til og frå bygda. For enkelt å finne bussrute for ankomst til Ulvik, kan du nytte Skyss sin ruteplanleggar på nett på www.skyss.no.
Om du vil nå bygda med båt, er det mogleg å ta hurtigbåten Tedno som startar i Norheimsund kvar morgon. Båten er innom fleire bygder, mellom anna Lofthus, Kinsarvik og Utne, før Ulvik og endestasjonen i Eidfjord. Båtturen tek deg med innover i Hardangerfjorden mot Ulvikfjorden med spektakulær utsikt til fjell og natur.