Visit Ulvik
Kontakt
Language
I Ulvik er det enkelt å kome seg rundt med sykkel, på dei godt asfalterte vegane, med tilgang til fleire gode turstiar. Kjem du frå retning Odda eller Eidfjord, kan du via Bu køyre over Hardangerbrua til Vallavik og vidare inn til Ulvik. Det er kun éin kort tunell på den 14 kilometer lange strekninga mellom Ulvik og Vallavik. Følg riksveg 572 langs fjorden forbi tidlegare Bruravik ferjekai før du når Ulvik. Kjem du frå til dømes Voss og Granvin, kan du sykle gamlevegen over Espelandsdalen. Ruta er om lag 18 kilometer lang frå Holven og opp til Espelandsdalen og vidare ned mot Ulvik, der du vil få ei flott panoramautsikt over bygda. I bygda er det fleire overnattingsmoglegheiter og spisetilbod.