Visit Ulvik
Kontakt
Language
Hallingskeidvegen ei Historisk vandrerute frå Osa til Hallingskeid.
Vegen inn Norddalen har vore nytta i tusenvis av år, av bygdefolk og langvegsfarande. Her har ein ført varer og dyr til marknaden på Hallingskeid. Denne ferdselsvegen er berre ein av fleire sleper som gjekk frå fjorden til fjellet.
Turen kan ein starte på Hallingskeid, og er om lag 19 km lang. Turen tek deg frå høgfjellet og ned til fjorden, terrenget er krevjande, men ein fyl ei godt merka løype. Om det er mykje snø kan nokre av merka ligg under snøen. Dette er ein godverstur og bør ikkje gåast rett etter store nedbørsmengder, då partiet frå Ossete og ned er rasutsett.
Detaljert rutebeskriving finn ein på ut.no.
Besøk gjerne Lokalhistoriewiki for å læra meir om Hallingskeidvegen.
Vegen her var i gamal tid ein viktig ferdselsveg (saltveg) mellom gardane i Raundalen og Ulvik. Den har óg vore nytta som kyrkjeveg for dei øvste gardane i Raundalen, då kyrkja i Ulvik låg laglegare til enn kyrkja på Vossevangen.
Turen er om lag 14,5 km og går i krevjande terreng. Ein startar frå butikken på Mjølfjell og kryssar Raundalselva på bru, fyl T-merka sti mot BT-hytta/Ulvik. Vidare over Fallet og ned til Tyssedalsstølen.
Turbeskrivelse på ut.no. Detaljert beskrivelse for siste del av turen her.