Visit Ulvik
Opplevingar
Aktiv ferie? Roleg familieferie? Turferie? Ulvik byr på mykje for einkvar smak. For den aktive, kan ein gå lengre fjellturar med flotte utsiktspunkt over bygd og fjord, eller stå på vannski på fjorden. Ta ei vandring i Olav H. Hauge sitt liv på Haugesenteret eller i tunet heime på Rossvoll. Besøk den gamle restaurerte bygdemylna om du er interessert i kultur og historie. Har du sans for lokalmat og og lokalproduserte varer, kan du ta ei vandring langs frukt- og siderruta for å smake på gardsprodusert eplesider eller plommesyltetøy. Ulvik byr på fleire badestrender og -område og har varierte turmoglegheitar for alle aldrar og nivå.