Natur og fotturar og booking av guide

Ulvik er for alle, store og små, gjennom heile året. Ta deg ein gåtur langs vegen i den kalde og fine tida, eller følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda.

Besøk nettsida
Natur og fotturar og booking av guide
Foto: 

Ulvik er for alle, store og små, gjennom heile året. Ta deg ein gåtur langs vegen i den kalde og fine tida, eller følg nokre av dei mange merka turstiane opp mot fjellet for ei unik utsikt over bygda. Skianlegget på Drevtjørn er óg ein unik stad å vera om vinteren. Om sommaren kan du utforska det våte element på vass-ski, ta ein avkjølande dukkert ved dei fleirtallige badeområda, leige båt eller kajakk, eller ta del i daglege fjordcruise mellom stupbratte fjell.

Populære turstiar

Sett av litt tid for ei vandring i velmerka skogsterreng for litt pusterom. Her finn du dei mest anbefalte turstiane i området.

Solsævatnet rundt!

Omlag 8,5 km til/frå bommen.

Turen er enkel til medium.

Turen startar frå bommen på Solsævegen.

Køyr Espelandsvegen mot Granvin, ta av til høgre og inn på Solsævegen. Køyr vidare på denne vegen til ein kjem til bommen, parker her.

Frå bommen går ein vidare oppover vegen til ein kjem til Solsævatnet, her vel ein om ein fyljer vegen vidare over brua og går sørsida av vatnet inn til Solsæ, eller om ein tek til venstre, og fyljer den nyrydda stien på nordsida av Solsævatnet. Begge vegar fører ein til stølane på Solsæ.

Langs stien, spesielt det fyste stykket, bugnar det av blåbær når dei er modne. Ein kan og ta ein avstikkar opp lia til stølen Rubbelii. Der får du utsyn over vatnet og mot Vassfjøro i andre enden. Det er nokre fuktige parti på stien og ein lyt kryssa nokre mindre bekkar.

Tunheim (Liavegen og Jonstøl)

Tunheim er eit godt startpunkt for to ulike merka stiar i terrenget. Den grøne stien vil ta deg langs Liavegen og er ein lett, ca. timelang rundtur som gjev god utsikt over Ulvik og delar av Osafjorden. Start på Tunheim og følg skiltinga mot Liavegen. Velg den øvre vegen om du vil ha høgare utsiktspunkt og meir stigning, eller velg den nedre vegen om du ønskjer litt lettare terreng. Returner til Tunheim eller ta av ned mot Øydve gard og returner til sentrum via hovudvegen. Den andre ruta er ein blå tursti opp mot Jonstøl, eit stølsområde høgare opp i fjellet. Ruta tek ca. to timar opp og gjev god utsikt over bygda på veg opp og har eit romsleg stølsområde på enden av ruta.

Åsen rundt

Åsen rundt er ein ca. to timar lang rundtur i grusterreng, og høver seg godt for sykling og barnevogn. Ruta er grøn og har lite stigning, men byr på gode utsiktspunkt over Osafjorden og Ulvik. Tar du turen med sykkel, vert det anbefalt at du startar ved Håheim. Om du går eller køyrer, kan du starte ved Holmen og følge skiltinga der.

Kvasshovden

Ein raud tursti av den meir krevjande sorten tek deg frå Ulvik sentrum til fjellet Kvasshovden på 1030 høgdemeter. Stien er brukt til det årlege motbakkeløpet “Kvasshovden Opp” i juli og går føre seg i merka skogsterreng. Stien tek omlag tre timar opp og to timar ned. Det er panoramautsikt over bygda frå fjelltoppen.

Booking av guide

Ulvik turistkontor kan stille med eit utval fleksible, lokale guidar som kan vise deg rundt i bygda, anten du er interessert i Olav H. Hauge, den gamle bygdemylna, kyrkja eller ei lengre guida vandring.

I Ulvik ligg det mykje historie og mykje å sjå. Ved interesse er det mogleg å booke lokale guidar som kan ta deg med rundt, anten du er interessert i spesielle bygg eller tema, som til dømes Olav H. Hauge, kyrkja, eller bygdemylna ved Tysso. Det er i tillegg mogleg å bestille ei meir generell bygdevandring som tek deg med rundt til sentrale bygg og punkt i sentrum, eller lengre guida skogsturar. Guidane er fleksible og vil jobbe med å tilretteleggje for dine ynskje og behov.

Døme på ein times lang bygdevandring er at me tek deg med til Mylno og viser deg rundt i den siste gjenværande bygdemylna i området, ned langs Tysso, rundt ved fjordpromenaden og innom bautaen til Olav H. Hauge, før vi avslutter i kyrkja. Undervegs vil du få både historiske og kulturelle fakta og informasjon om Ulvik som bygd.

Kontakt Ulvik turistkontor om du er interessert i ei guida omvising i bygda, Mylno, kyrkja eller ein guida skogstur:
Telefon: +47 56 52 62 80
E-post: ulvikturist@ulvik.org

Kontakt Tove og Stein Olav Kolås for omvising i heimen til Olav H. Hauge på Rossvoll:
Telefon: +47 957 00 849 / +47 951 04 955

Informasjon

Besøk nettsida
No items found.

Fleire opplevingar

Cittaslow

Cittaslow

Ulvik er medlem av den internasjonale nettverket Cittaslow.
Les meir
Slow Food Hardanger

Slow Food Hardanger

Slow Food femnar om eit verdsomspennande nettverk som jobbar for å endra måten me produserer og et maten vår på.
Les meir

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!