Olav H. Hauge-senteret

Hauge-senteret ligg vakkert til ved Ulvikafjorden. Her vert du kjend med Olav H. Hauge sitt liv og verk, og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange former på nye og spanande måtar.

Besøk nettsida
Olav H. Hauge-senteret
Foto: 
Ingvil Skeie Ljones

Ved Olav H. Hauge-senteret kan du oppleve dikt og songar frå mange tider og verdshjørne. Senteret rommar forteljingar om Olav H. Hauge si dikting og syner korleis poesien er ein del av kvardagen til mange menneske. Annakvart år inviterer vi til Ulvik poesifestival.

Olav H. Hauge er forfattaren som både har skrive folkekjære dikt som «Det er den draumen», og eitt av dei mest omfattande litterære dagbokverka i Europa. Diktaren og fruktbonden frå Ulvik har skrive dikt frå kvardag og natur og gjort seg mange tankar om livet og litteraturen.

Hauge-senteret arbeider med lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Ved eit besøk i Hauge-senteret kan du sjølv prøva deg på å skrive dikt i poesiverkstaden og i lyrikkbiblioteket kan du oppleve lyrikk frå heile verda.  I utstillinga møter du òg Hauge som opplesar og på film.

Utstillinga gir opplevingar både for barn og vaksne. Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste der dei kan finne kattungen til diktaren. I senteret finn du også ein museumsbutikk med bøker og gåveartiklar til både små og store i alle prisklassar.

Denne sommaren tilbyr Hauge-senteret og Ulvik Turlag Bornas natursti. Naturstien består av ni postar i nærområdet i Ulvik. På kvar post skal ein samla ein bokstav, og tillegg finn ein turtips, boktips og anna innhald. Når alle bokstavane er samla kjem ein fram til eit løysingsord, og ein premie ventar alle som finn løysingsordet. Turkort kan lastast ned på haugesenteret.no eller hentast på Hauge-senteret.

Hauge-senteret byd gjennom året på eit spennande kulturprogram for barn og vaksne. Høgdepunktet er Ulvik poesifestival som vert arrangert i september annakvart år. Poesifestivalen presenterer eit mangfald av nasjonale og nordiske poetar, både gjennom song og dikt.

Tysdag – fredag 11-15
Laurdag og søndag 11-16

For prisar, omvising og tilbod for grupper sjå haugesenteret.no

No items found.

Fleire opplevingar

Kajakkturar på fjorden

Kajakkturar på fjorden

Ulvik er eit perfekt utgangspunkt for deg som vil oppleve Hardangerfjorden i kajakk. Me har kajakkutleige, nybegynnarturar og dagsturar i kajakk med guide
Les meir
Cittaslow

Cittaslow

Ulvik er medlem av den internasjonale nettverket Cittaslow.
Les meir

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!