Langs frukt- og siderruta i Ulvik ligg tre individuelle fruktgardar som kan tilby omvisingar, der du vil få sjå prosessen frå frukt på trea til ferdig produkt på flaske og i glas. Dei tre gardane lagar både eplesaft og eplesider, og har i tillegg andre produkt dei tilbyr. Til dømes nyttar Ulvik Frukt & Cideri fleire ulike eplesortar til dei forskjellige produkta sine, i tillegg til å produsere svakprosentcider. Syse gard har, i tillegg til produksjon av eplesaft og sider, fleire gardsprodukt av eple, plommer og pærer i butikken sin, som er ein del av economusée-gruppa. Lekve gard har stor produksjon av eplesider, men har i tillegg utvikla eplebrennevin.
Under omvisingane hjå dei ulike gardane vil du få innsikt i prosessen rundt det å framstille epleprodukt frå start til slutt. Du vil i tillegg få smaksprøvar av produkta på garden.
Det er no mogleg å bestille guida omvising på fruktgardane via https://www.tastehardanger.com/no.
Kontakt Torbjørg Austrud og Asbjørn Børsheim hjå Ulvik Frukt & Cideri:
Telefon: +47 911 02 215
E-post: asbjornb@ulvik.org
Nettside: www.hakastadsider.no
Kontakt Gro Tveit og Hans Uglenes hjå Syse Gard:
Telefon: +47 416 49 906
E-post: post@sysegard.no
Nettside: www.sysegard.no
Kontakt Nils Lekve hjå Hardanger Saft- og Siderfabrikk:
Telefon: +47 901 22 835
E-post: nils.j.lekve@ulvik.org
Nettside: www.hardangersider.no