Slow Food er ein internasjonal øko-gastronomisk, medlemstøtta ikkje-kommersiell organisasjon som vart grunnlagt i Bra, Piemonte (Italia) i 1986. Slow Food femnar om eit verdsomspennande nettverk som jobbar for å endra måten vi produserar og et maten vår på.
Slow Food vil reisa opp att vorden for god mat, fremja utdanning av den gode smaken og arbeider for biologisk mangfald. Ein del av naturvernarbeidet er å ta vare på utryddingstrua husdyrartar i tìllegg til å fremja mangfald og variasjon i utvalet av frukt og grønsaker. Som medlem i Slow Food Hardanger er du med å dyrke dei enkle gledene ved god mat i godt selskap, og å kople matgleda med ein forplikting ovanfor dyr, natur og menneske.
Slow Food Hardanger vart etablert i 2001. Me er rundt 45 medlem, og er i dag det største lokallaget i landet. Me er eit regionalt lokallag for Hardanger med base i Ulvik. Me skipar til kurs og andre aktivitetar kvar andre månad. For meir informasjon sjå @SlowFoodHardanger på Facebook.