Ulvik Turlag

Ulvik Turlag ynskjer å fremja turglede blant liten og stor, fyst og framst for innbyggjarane i Ulvik, men óg for dei som kjem på besøk til oss.

Besøk nettsida
Ulvik Turlag
Foto: 

Litt historie om Ulvik Turlag

Ulvik Turlag ynskjer å fremja turglede blant liten og stor, fyst og fremst for innbyggarane i Ulvik, men óg for dei som kjem på besøk til oss.

I alle år sidan oppstarten i 1988 har turlaget arrangert tur til Vassfjøro - dette har blitt «signaturturen» vår. Fjellet er majestetisk der det ligg mot nordaust.

I 2012 var me fyst ute med «Stølstrimmen», kassar med skrivebok og tenger blei plassert rundt på ulike stølar, saman med informasjon om staden og dikt frå Hauge-senteret. Tiltaket var for å fremja turglede og kunnskap om nærområda våre, og dette blei ein stor suksess.

Frå vinteren 2018 vart turlaget eit lokallag under Bergen og Hordaland turlag, og dermed ein del av Den Norske Turistforeninga. Nye mogelegheiter ligg føre oss, og hausten 2020 får Ulvik herad si fyste historiske vandrerute når «Hallingskeidvegen» - slepa mellom Osa og Hallingskeid - kjem inn på denne lista.

Heimeside Ulvik Turlag

Historisk vandrerute

Turbeskrivningar

Solsævatnet rundt!

Omlag 8,5 km til/frå bommen.

Turen er enkel til medium.

Turen startar frå bommen på Solsævegen.

Kjøyr Espelandsvegen mot Granvin, ta av til høgre og inn på Solsævegen. Køyr vidare på denne vegen til ein kjem til bommen, parker her.

Frå bommen går ein vidare oppover vegen til ein kjem til Solsævatnet, her vel ein om ein fyljer vegen vidare over brua og går sørsida av vatnet inn til Solsæ, eller om ein tek til venstre, og fyljer den nyrydda stien på nordsida av Solsævatnet. Begge vegar fører ein til stølane på Solsæ.

Langs stien, spesielt på det fyste stykket, bugnar det av blåbær når dei er modne. Ein kan óg ta ein avstikkar opp lia til stølen Rubbelii. Der får du utsyn over vatnet og mot Vassfjøro i andre enden. Det er nokre fuktige parti på stien og ein lyt kryssa nokre mindre bekkar.

Informasjon

Besøk nettsida
No items found.

Fleire opplevingar

Cittaslow

Cittaslow

Ulvik er medlem av den internasjonale nettverket Cittaslow.
Les meir
Slow Food Hardanger

Slow Food Hardanger

Slow Food femnar om eit verdsomspennande nettverk som jobbar for å endra måten me produserer og et maten vår på.
Les meir

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!