Strand Fjordhotel er eit koseleg ‘’boutique’’-hotell som ligg rett ved fjorden i den vesle bygda Ulvik. Hotellet har 50 rom, standard single, standard twin, trippel, familierom til 4 personar og superior-rom.
Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Her kan du tinge overnatting i Husmannstova, med 7-8 sengeplassar. Stort kjøkken og sanitæranlegg.
Kom og opplev det enkle og naturbaserte livet i Osa. Hardanger Basecamp er ein «Glamping resort» og tilbyr overnatting i komfortable mongolske ‘’yurter’’, frukost inkludert.
Velkomen til Øydvinstod Hyttegrend! I eit praktfullt fjordlandskap, kåra i 2005 til verdas beste reisemål av Int. National Geographic, har me til leige i Øydvinstod i eit heilt usjenert strandområde, eit romantisk feriehus og tre hytter.
Gamlastovo er eit sjarmerande lite hus av "gamal årgang". Huset er renovert og dagens krav til komfort og tekniske hjelpemiddel er på plass. Gamlastovo ligg idyllisk til ved fjorden, om lag 500 meter frå Ulvik sentrum i retning Osa.
To sjarmerande hytter ved Osafjorden til utleige. Høver fint for den som vil koma seg vekk frå byen sitt mas og kjas, eller for den som vil kome tettare på naturen og det enkle liv.