Hotellet har 143 rom derav omlag 100 nyoppussa rom og suitar med balkong der du kan kvila augo på det vakraste fjordlandskap ein kan tenkja seg.
Som del av den vesle kjeda Fjordtind Hotels, har hotellet dei siste åra hatt fokus på fornying av matkonseptet. Hotellet brukar råvarer frå lokale og regionale produsentar av mat og drikke og har fokus på gode smakar.
Av fasilitetar kan nemnast innandørs basseng, bar og restaurant med servering både inne og ute i hagen og utandørs boblestamp og badstove på bryggekanten med utsikt rett ut fjorden.
Hotellet har også eit stort konferansesenter med plenumsalar som kan ta opptil 300 deltakarar.
For meir informasjon, kikk innom nettsida til hotellet:
www.brakanes-hotel.no og følg dei på Facebook og instagram #brakaneshotel
Booking: brakanes@fjordtindhotels.no eller telefon +47 56 52 61 05