Tilbring natta i ei tretopphytte 11 meter over bakken, med spektakulær utsikt til Hardangerfjorden.
Da me var små drøymde vel dei fleste av oss om å ha ei hytte høgt oppe i eit tre. Nå kan du få oppleve dette i ei moderne og fullt utstyrt hytte i Ulvik i Hardanger.
Hytta er bygd på søyler, med fantastisk panoramautsikt over Ulvik og Hardangerfjorden. Dei store vindauga i stua gjev deg kjensla av å sveve fritt over landskapet, og tilbyr ein heilt unik naturoppleving.
Når du kjem finn du parkering rett framfor hytta, og du tar turen opp ein sti til du kjem til ei bru. Når du kjem inn i hytta er du åtte meter over bakken med ein spektakulær utsikt over landskapet under deg.
Fasiliteter
Tre soverom, sengeplasser til 6 personar og velutstyrt kjøkken er det som møter deg innendørs. Sengekle kan leiges, eller du kan ta med dine eigne. Hytta har fullt utstyrt kjøkken, innlagt vatn og straumm, vannklosett og dusj. Han er naturlegvis vinterisolert, og er varm og bekvem i vinterhalvåret.