Øydve Gardsturisme

To sjarmerande hytter ved Osafjorden til utleige. Høver fint for den som vil koma seg vekk frå byen sitt mas og kjas, eller for den som vil kome tettare på naturen og det enkle liv.

Besøk nettsida
Øydve Gardsturisme
Foto: 

Øydve Gardsturisme består av to ulike hytter, i varierande storleik, til utleige nær fjorden. “Sjøhageløo” ligg ved Osafjorden og har tre soverom med to senger kvar, bad med toalett og dusj, i tillegg til vaskemaskin og tørketrommel. Stova har ein liten spisekrok og kjøkenområdet er fullt utstyrt med elektrisk omn, kjøleskåp og vaskemaskin. Nede ved fjorden ligg det i tillegg tilgjengeleg båt.

“Bortom” er ei gamal tømmerhytte på andre sida av Osafjorden med enkel standard og rom for to. Utan innlagt vatn og strøm er dette så nær du kjem naturen som råd er. Omn og kjøleskåp, i tillegg til toalett, ligg tilgjengeleg i nabobygget. Leiga inkluderer motorbåt for enkelt å kome seg til og frå hytta.

Reservasjonar kan gjerast via http://www.oydvin-gard.no, der du òg kan sjekke om eller når hyttene er ledige.

No items found.

Fleire overnattingar

Strand Fjordhotel

Strand Fjordhotel

Strand Fjordhotel er eit koseleg ‘’boutique’’-hotell som ligg rett ved fjorden i den vesle bygda Ulvik. Hotellet har 50 rom, standard single, standard twin, trippel, familierom til 4 personar og superior-rom.
Les meir
Brakanes Hotel

Brakanes Hotel

Brakanes Hotel har over 160 års historie i veggane og ligg vakkert til i fjordkanten i Ulvik sentrum.
Les meir

Lurer du på noko?

Berre ta kontakt med oss!