Visit Ulvik
Kontakt
Language
Denne personvernerklæringa beskriv kva personopplysningar Visit Ulvik samlar inn og korleis desse personopplysningane vert handterte.
Visit Ulvik held seg til den norske personopplysningslova. Denne personvernerklæringa er laga etter krava i personopplysningslova §§ 18 og 19.
Personopplysningar er informasjon om den enkelte person. Dette kan vera personen sitt namn, adresse, arbeidsstad, sivilstatus, telefonnummer, epost-adresse osb. Informasjon om din kontakt, kontaktårsak og kontaktform med Visit Ulvik kan óg forståast som personopplysningar.
Sensitive personopplysningar vert verken samla inn eller brukt av Visit Ulvik. Dette er personopplysningar som siktelsar, straffbare handlingar, helse og liknande.
Ynskjer du meir info om personopplysningar generelt kan du besøke https://www.datatilsynet.no/om-personvern/personopplysninger/.
Visit Ulvik sin eigen "Office Manager" er ansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. Ved eventuell framtidig delegering er det kun delegering av oppgåvene som skjer, ansvaret for personopplysningane kviler uansett alltid på Visit Ulvik.
Visit Ulvik har to kjelder til personopplysningar som begge byggjer på § 8 i personopplysningslova.
I etterkant av kontaktskjemaet kan ytterlegare personinformasjon verta generert gjennom e-post, telefon og liknande korrespondanse mellom Visit Ulvik og deg som en potensiell/eksisterande kunde.
Formålet med kontaktskjemaet og etterfylgjande korrespondanse er å fylgje opp førespurnader og forpliktelsar overfor kundane.
Visit Ulvik er avhengig av ei slik open plattform mellom seg og sine besøkjande for å sikre ein tilfredsstillande kommunikasjon.
Formålet med Informasjonen frå Google Analytic er å betre nettside-opplevinga. Dette kan for eksempel vera å gjere layouten meir brukarvenleg, forstå brukar trendar, effektivisere og levere tenestene som forventast på ein betre måte og hindre kriminell atferd som hacking.
Det rettslege grunnlaget for Visit Ulvik si handtering av personopplysningane er personopplysningslova § 11
Den avgrensa mengden personopplysningar Visit Ulvik samlar inn via deg og på eige initiativ er, samanlikna med andre aktørar og andre nettenester svært marginal. Dette har gjort at eiga administrering av personopplysningar som for eksempel innstillingar i brukar-appar og innstilingar i personalisert reklame ikkje er aktuelt hjå oss. Personopplysningane som er samla inn nyttast som nevnt ikkje til slike formål.
Du har likevel alltid rettar knytt til personopplysningane som du kan lesa meir om nedanfor.
Visit Ulvik deler ikkje personinformasjon frå kontaktskjemaet, eigne innsamlingar eller informasjon frå andre med nokon tredjepart. Skulle slik utdeling likevel skje, vil du alltid få samtykkeførespurnad frå oss.
I takt med personopplysningslova § 13 vil alle personopplysningar Visit Ulvik mottek verta arkivert på enten ein sikker e-post eller server så lenge forholdet mellom deg og Visit Ulvik pågår. Ved opphøyr i dette forholdet vil all kommunikasjon og personopplysningar slettast innan 2 år.
Visit Ulvik har ein internkontroll på slik arkivering, sikkerheit og sletting foregår etter mål og i medhald av rettslege standardar.
Av personopplysningslova har du som brukar eller kunde av Visit Ulvik rett til å bli gløymd, rett til dataportabilitet, rett til innsyn, og rett mot å bli profilert.
For å iverksetje ein eller fleire av desse rettane, ta kontakt med oss. Du har ein lovgitt heimel på å få svar frå oss innan 1 månad.
Visit Ulvik har verken ynskje eller behov for å samle inn eller handsame personopplysningar om barn under 16 år. Slike personopplysningar må kome gjennom ein foresatt.
Personinformasjon etterlete av barn til Visit Ulvik vil slettast så raskt det kjem Visit Ulvik til kunnskap.
Visit Ulvik har ikkje noko personvernombod sidan verksemda ikkje er ei offentleg verksemd, ikkje handsamar sensitive opplysningar, ikkje begår systematisk kartlegging av personar og ikkje handsamar personopplysningar om straffbare forhold.
Visit Ulvik vil frå tid til anna oppdatere si personvernerklæring for å sikre at den held den rettslege standarden norsk rett krev. Slike oppdateringar vil dere bli informert om.
Har du ytterlegare spørsmål om Visit Ulvik si personvernerklæring eller andre førespurnader kan du kontakte verksemda.
Telefon: +47 565 26 280
Mail: ulvik.turistkontor@outlook.com